Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Vedtekter

venstre_sida.jpg

Vedtekter for Stiftinga LIVE ÅTTE

Stiftingsdato 24. Mars 2007. Vedtektene vart sist revidert 10. mars 2016.

§ 1
Det vert oppretta ei stifting der minnet etter 8 år gamle Live Styve Sæbø skal vere med å sikre stiftinga sitt mål.
Stiftinga LIVE ÅTTE, 6065 Ulsteinvik, er ei allmenn stifting i tråd med kapittel I-IV i Stiftingslova.
Stiftinga er heimehøyrande i Ulstein.

§ 2
Med utgangspunkt i Live si historie vil stiftinga arbeide for at barn og unge med særskilte behov får sjansen til å nå potensialet sitt.
Stiftinga vil gjennom informasjon og haldningsskapande arbeid inspirere enkeltmenneske og samfunn til å sjå verdien av kvart menneske og dei ressursane det representerer, og å gjere det som skal til for at kvart menneske skal kunne bli det det er.

§ 3
Stiftinga leiast av eit styre på 5-7. Styremedlemene veljast for 2 år om gongen. Det sitjande styret har ansvar for rekruttering av nye styremedlemmer. Styret skal ha ei samansetjing av personar med kompetanse og engasjement for å sikre stiftinga sitt mål.

§ 4
Styret er stiftinga sitt øvste organ og har ansvaret for å forvalte stiftinga sine midlar i tråd med målet for stiftinga. Utspel frå stiftinga i viktige haldningsspørsmål krev tilslutning frå alle styremedlemene. I tillegg til styret har stiftinga eit rådgjevane organ, set saman av kompetansepersonar frå ulike relevante fagområde. Dette rådet vert sett saman av styret og kallast saman etter behov. 

§ 5
Styret for stiftinga er vedtaksfør når minst fire av medlemmane er til stades. Styret har mynde til å endre vedtektene. Slike endringar krev einstemmig vedtak, og må godkjennast av Stiftingstilsynet.

§ 6
Stiftinga sin grunnkapital er på kr 100.000.
Stiftinga sin eigenkapital er basert på innsamlingar og gåver. Eigenkapital og avkasting av grunnkapital skal nyttast til stiftinga sitt mål.
Stiftinga sin rekneskap skal reviderast av registrert revisor eller statsautorisert revisor.

§ 7
Styret held møte etter innkalling frå styreleiar, eller når minst to av styremedlemmane krev det. Styret skal kvart år innan utgangen av april halde årsmøte der styret si årsmelding, stiftinga sin rekneskap og revisor sin rapport skal handsamast.

§ 8
Stiftinga kan avviklast dersom eit fleirtal av styret sine medlemer på to påfølgjande årsmøte, med minimum eitt års mellomrom, vedtek dette. Attverande midlar skal då nyttast i tråd med stiftinga sitt mål.

vedtekter_live_a_tte.pdf