Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Korleis støtte oss?

Det er ulike måtar du som privatperson eller di bedrift kan støtte opp om Live Åtte sine prosjekt i Nepal.

Ønskjer du å vere fast gjevar, også kalla fadder, kan du til dømes leggje inn eit fast trekk på kr 100 eller meir per månad.

Ønskjer du å gje eit eingongsbeløp som tilskot til drifta vil det bli sett stor pris på. Ønskjer du å gje alternativ gåve til familie og vener, lagar vi gåvebrev der vi fortell om kva gåva går til.

Ønskjer di bedrift å gje fast driftstøtte vil det bli sett stor pris. Prosjektet i Nepal er nyskapande og vil i årsmelding kunne vise eit internasjonalt engasjement.

Ønskjer di bedrift å gje deler av julegåva til dei tilsette vil vi lage eit gåvebrev der vi fortel om kva gåva betyr for dei menneska i Nepal som vi jobbar for.

Vi ønskjer dykk med på laget.
Kontonummer er det same, uansett kva måte dykk ønskjer å støtte oss på: konto  3910 39 68201

Alle pengar som kjem inn, går direkte til prosjekt i organisasjonen. Administrasjonsutgifter er berre gebyr for overføring av pengar til utlandet. Vi stiller gjerne opp i bedrifter, lag og organisasjonar og fortel om Live Åtte og prosjekta våre i Nepal.