Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Her er nokre bileter frå ulike delar av Live sitt daglege program:


Fysiologisk program:

Masking.
kopi__2__av_live_013.jpg
Denne maska brukte Live med faste intervall gjennom heile dagen. Maska er ein svært viktig del av programmet, og stimulerer mellom anna til betra oksygenopptak.
"Patterning"
live_127.jpg
Dette var ei sentral øving i programmet, og går ut på å aktivt mønstre "åle"- bevegelsar, slik at hjernen oppfattar og kan gjenkjenne denne viktige bevegelsen.
Positiv Respiratory Patterning
live_132.jpg
Ein kompressor fyller spesialjakka med luft i "pusterytme" og gjer at lungene blir stimulert. Dette påverkar oksygenopptaket og har stor innverknad på generell utvikling.

Fysisk program:

Gravity Free pogram:

I dette programmet stimulerer ein mellom anna balanseorgana ved å gjennomføre ulike bevegelsar, fritt hengande utan berøring av bakken.
Gravity Assisted program:
farmorbilder_083.jpg
I dette pogrammet trenar ein kryping og gåing medan ein heng etter selar frå taket.
Inclined floor
kopi_av_live_032.jpg
Åling nedover dette skråplanet var ein viktig del av programmet. Den minste bevegelse med armar eller bein skal medføre at kroppen bevegar seg framover.