Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 
Minneord Live8 (24.mars 1998 - 24.mars 2006)
Kyprosretur.jpg

Live, det er noko med namnet hennar. Ho fekk namnet Live, som tyder ”liv” og ”livd”; ”den som er verna”. Namnet har fascinert oss meir og meir. Live 8 – kva visste vel Bob Geldof og Bono då dei gav konserten i samband med G8-møtet i fjor om namnet ”Live Eight”?
Det var noko med Live sitt blikk. Me fekk vita at ho var blind. Etterkvart forstod me at det ikkje var så eintydig. Det gjorde inntrykk å sjå korleis ho etterkvart lytta til samtalen, ikkje berre med blikket, men med heile seg. Samarbeidet med Domaninstituttet i USA gav håp om store framsteg.

Live i Philadelphia

farmorbilder_047.jpg
Her er Live og resten av familien saman med Glenn og Rosalin Doman. Glenn Doman er mannen bak den såkalla Doman-metoden