Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Basis for LIVE ÅTTE Skuleprosjekt 2009-2010

* LIVE ÅTTE-stiftinga sin visjon, mål, basis og verdiar (sjå innleiing)
* Grunnskulen sitt mål, lover og føresegner/ forskrifter og opplæringsprinsipp

Aktuelle punkt frå Læreplanen og Grunnskulelova:

* Sosial og kulturell kompetanse
 ”Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert.”
 
 ”For å utvikle elevane sin kulturelle kompetanse til å delta i eit multikulturelt samfunn, skal opplæringa leggje til rette for at dei får kunnskap om ulike kulturar og erfaring med eit breitt spekter av kulturelle uttrykksformer. Opplæringa skal fremme kulturforståing og medverke til å utvikle både sjølvinnsikt og identitet, respekt og toleranse. Elevane skal møte kunst og kulturformer som uttrykkjer både individualitet og fellesskap, og som stimulerer kreativiteten og dei nyskapande evnene deira. Elevane skal også få høve til å bruke dei skapande evnene sine gjennom ulike aktivitetar og uttrykksformer. Dette kan gi grunnlag for refleksjon, kjensler og spontanitet.”
 (Oppl.l. § 1-2 og den generelle delen av læreplanverket)

* Tilpassa opplæring og likeverdige føresetnader
 Tilpassa opplæring innanfor fellesskapet er eit grunnleggjande element i fellesskolen.
 Opplæringa skal leggjast til rette slik at elevane skal kunne gi noko til fellesskapet og også kunne oppleve gleda ved å meistre og å nå måla sine.
 Alle elevar skal i arbeidet med faga få møte utfordringar som gir dei noko å strekkje seg mot, og som dei kan meistre på eiga hand eller saman med andre. Det gjeld også elevar med særlege vanskar eller særlege evner og talent på ulike område. Når elevar arbeider saman med vaksne og med kvarandre, kan mangfaldet av evner og talent vere med på å styrkje læringa og utviklinga både for fellesskapet og for den einskilde.
 I opplæringa skal det mangfaldet elevane har i bakgrunn, føresetnader, interesser og talent møtast med eit mangfald av utfordringar. Uavhengig av kjønn, alder og sosial, geografisk, kulturell og språkleg bakgrunn skal alle elevar ha like gode høve til å utvikle seg gjennom arbeidet med faga i eit inkluderande læringsmiljø. Tilpassa opplæring for kvar einskild elev er kjenneteikna ved variasjon i bruk av lærestoff, arbeidsmåtar og læremiddel og variasjon i organisering av og intensitet i opplæringa.
 (Oppl.l. § 1-2 og kap. 5, og den generelle delen av læreplanverket)

* Samarbeid med lokalsamfunnet
 ”Godt samspel mellom skolen og nærings- og arbeidsliv, kunst- og kulturliv og andre delar av lokalsamfunnet kan gjere opplæringa i faga meir konkret og røyndomsnær og gjennom det auke evna og lysta til å lære blant elevane. Lokalsamfunn er ulike, og kva som er lokalt for elevane, varierer med alder og utvikling og med endringar i samfunnet. Samarbeidet mellom skolen, kulturskolen, lokale lag, foreiningar og andre i lokalsamfunnet gir barn og unge høve til å utvikle evnene og talenta sine vidare gjennom aktiv deltaking i eit mangfald av sosiale og kulturelle aktivitetar.”

 
 Lov om grunnskulen
 § 1. Føremål

 Innleiing
 (...) ”Opplæringa må gi rom for skapingstrongen åt elevane, og samtidig vekkje deira glede ved det andre yter. Gjennom bilete og form, tone og ord må dei kveikjast til å utfalde fantasi og oppleve kunst.”

 (...) ”Målet for opplæringa er å utvide evnene hos barn, unge og vaksne til erkjenning og oppleving, til innleving, utfalding og deltaking.”

* Det meiningssøkjande menneske
 ”Oppfostringa skal byggje på det syn at menneske er likeverdige og menneskeverdet ukrenkjeleg. Ho skal grunnfeste trua på at alle er unike: kvar og ein kan komme vidare i eigen vokster, og individuell eigenart gjer samfunnet rikt og mangfaldig.”

 ”Mange menneske er funksjonshemma i høve til sine omgivnader. Oppfostringa må formidle kunnskapar om og fremje likeverd og solidaritet med dei som har andre føresetnader enn fleirtalet. Og ho må skape skjønn for at vi alle kan rammast av sjukdom eller skade, nød eller nederlag, slag eller sorg, som kan gjere kven som helst avhengig av andres omsut.

 Oppfostringa skal formidle kunnskapar om og fremje likeverd og solidaritet med dei som har  andre føresetnader enn fleirtalet.”

* Det skapande menneske
 (...) ”Oppfostringa skal gi elevane lyst på livet, mot til å gå laus på det og ønske om å bruke og utvikle vidare det dei lærer.

 Opplæringa skal møte barn, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føre dei inn i grenseland der dei kan lære nytt ved å opne sinn og prøve evner.”

* Det allmenndanna menneske
 ”God allmenndanning vil seie tileigning av (...) eigenskapar og verdiar som lettar samvirket mellom menneske og gjer det rikt og spennande for dei å leve saman”

* Det integrerte menneske
 ”å framelske særpreget hos den einskilde, dei forskjellar som gjer kvart individ til eit fond for andre – og å formidle dei felles kunnskapar og dugleikar som gjer at vi kan fungere lett med andre og saman medverke til at samfunnet veks.”

 ”og gi kvar einskild sjansen til å oppdage og utvikle dei kimar som ligg i eigne givnader.”

 ”å skape respekt for andres innsats og audmykt for andres bragder – og tru nok på seg sjølv til å våge å mislukkast.”

 ”Sluttmålet for opplæringa er å eggje den einskilde til å realisere seg sjølv på måtar som kjem fellesskapet til gode - å fostre til menneskelegdom for eit samfunn i utvikling.”