Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Seminar med Magne Skåden

Laurdag morgon var Magne Domantrener Skåden, bl.a. kjent frå TV2-dokumentaren "Miraklet i Markebygda", på SUFH for å halde foredrag om livet med diagnosen "tungt psykisk utviklingshemma med atypisk autisme" og endringane som har kome gjennom intensiv hjernetrening etter Doman-metoden.
Trass i alt det støtteapparatet til Magne og medisinsk ekspertise i USA kan dokumentera, har Magne etter fem år den same diagnosen i høve til norsk helsevesen. Magne, som i desse dagar er i ferd med å gje ut si sjette bok, er ein av fleire samiske forfattararar med bøker som vert gjeve ut på fransk denne våren.
Etter at TV2-dokumentaren vart vist, heldt Magne sitt foredrag. Øyvin Sønnesyn, som er sekretær i stiftinga LIVE ÅTTE, presenterte stiftinga til slutt. Mange elevar snakka med Magne etterpå, og gav uttrykk for at dei var både rørte og berørte av det dei hadde høyrt og sett.

Menneskeleg, musisk og modig

Fredag 23.oktober 2009 vart det halde 2 skulekonsertar i tillegg til ein kveldskonsert i Sjøborg i regi av Stiftinga LIVE ÅTTE.

Du kan lese meir og sjå bileter frå forestillingane her

Fagseminar med Anne Lene Johnsen, Heidi Aabrekk og Magne Domantrener Skåden

Fredag 4.desember 2009 vart fagseminaret "over all forventning" halde på Sunnmøre Folkehøgskule. Forfattar og skribent Anne Lene Johnsen, spesialpedagog Heidi Aabrekk og forfattar Magne Domantrener Skåden var foredragshaldarar på dette seminaret. Laurdag 5.desember vart same seminaret halde for elevar ved folkehøgskulen og andre interresserte. Du finn lenker til foredragshaldarane deira anbefalte lenker i menyen til venstre.

 

Menneskeleg, musisk og modig

LIVE ÅTTE skuleframsyning "Menneskeleg, musisk og modig" 23.oktober 2009 vart godt motteken. Stemninga i Sjøborg var stor då teatergruppa frå Stryn arbeidssenter framført det sjølvlaga stykket "Hiv og Hoi - vi er i samme båt" og Merkesteinane spelte ein del frå sitt repertoir. 

Dette vart verkeleg eit program i kjerna av det stiftinga står og jobbar for!

Merkesteinane

Etter skulekonsertane fredag 23.oktober, hadde Merkesteinane konsert i Sjøborg kulturhus. Her fekk vi høyre mange av songane deira kombinert med informasjon om arbeidet deira mellom anna i Kenya.

No template

Over all forventning!

Seminaret "over all forventning" samla omlag 200 personar i Trivselhagen på Sandane. Seminaret vart arrangert av spesialpedagog Heidi Aabrekk i samarbeid med Stiftinga LIVE ÅTTE. Gjesteforelesarane Anne Lene Johnsen og Magne Domantrener Skåden heldt kvar sitt foredrag. I tillegg fortalde Heidi Aabrekk om leseprosjektet frå Austrheim barnehage og Bakkelidgrenda barnehage. Kunstutstillinga "fri" vart opna under arrangementet.

Opning av kunstutstillinga "FRI"

Fredag 30.01.2009 var det opning av kunstutstillinga "FRI" i Trviselhagen på Sandane. Simen Aabrekk (4) tok initiativ til utstillinga, og inviterte med seg barn og ungdom i Gloppen kommune til å uttrykke seg gjennom ord og farge. Ei jente frå Latvia, som Simen kjenner frå "Domaninstituttet" (IAHP),  deltok også med eit maleri. Simen sjølv stilte  ut både dikt og maleri i denne flotte utstillinga. Her er nokre av bileta frå utstillinga:

Magne Domantrener Skåden og Anne Lene Johnsen til fagseminar på Sandane

Fredag 30.januar vil Magne Domantrenar Skåden og Anne Lene Johnsen delta på seminaret "over all forventning" på Sandane. Spesialpedagog Heidi Aabrekk (mor til Simen, 4år, som driv intensiv trening etter Domanmetoden) er saman med Stiftinga LIVE ÅTTE arrangør for seminaret, som blir holdt i kinosalen i trivselshagen på Sandane. Det vil bli holdt to identiske seminar, det første kl 11.30-15.30 og det andre kl 18.00-22.00.

I tillegg til dei to hovud-foredragshaldarane vil Heidi Abrekk presentere leseprosjektet for dei yngste i Austrheim og Bakkelidgrenda barnehage, det vil bli opning av kunstutstillinga "fri" og du vil få møte Simen Aabrekk.

Påmelding kan skje via epost til heidiaabrekk@hotmail innan 26.januar.com

Fullsatt kulturhus under Live Åtte arrangement!

dscf0329.jpg

Eit fullsatt Sjøborg kulsturhus fekk oppleve ei menneskeleg, musisk og modig forestilling av artistane Heine Totland og Gisle Børge Styve.

Du kan lese meir om dette og andre arrangement i regi av Stiftinga Live Åtte her

Skulekonsert på Sufh og fullt hus i Sjøborg.

"Eit vitnemål om dei tre "m"-ane sitt potensiale"

"Liveåtte-stiftinga markerte seg sterkt i Ulsteinvik sist fredag - med vitnemål om dei tre "m"-ane det menneskelege, musiske og modige".

Dette skreiv Leiv Arne Grimstad i Vikebladet Vestposten 30.september, etter konserten i Sjøborg kulturhus.

Du kan lese meir om skulekonserten under dagbok / september sufh.no

 

Reportasje_Vikebladet__30.september.doc

Folkehøgskuleelevar og andre interesserte samla til laurdagsseminar.

foredrag.jpg

Laurdag 8.12.07 vart det arrangert ope seminar i samarbeid med SUFH (Sunnmøre Folkehøgskule). Magne Domantrener Skåden heldt foredrag. I tillegg fekk vi innslag ved Birgitte Krabberød, Kari Ringstad, Sølve Styve Sæbø og Stiftinga LIVE ÅTTE.

 

Nærare 60 personar på fagleg seminar.

takk.jpg

Nærare 60 fagpersonar frå kommunane på Ytre Søre deltok på halvdagsseminar på SUFH fredag 7.12. Det vart eit sterkt møte med Magne Domantrener Skåden og foreldra Asbjørg og Per. Merkesteinane deltok med flott song, og i tillegg var det innlegg ved Fysioterapeut Anne Strand Kiperberg, Kari Ringstad og Dr. Michael Dahl.

Bøkene til foredragshaldar, Magne Domantrener Skåden, kan bestillast gjennom Haugen bok.

Når stiftinga no inviterer til seminar, er det for å gje fagpersonar med ansvar for barn
og unge med særskilte behov, og alle andre interesserte, eit endå betre innblikk i
kva som kan skje når ein tek utgangspunkt i det friske. Både Live Styve Sæbø og
Magne Skåden sine historier seier noko om menneskeleg potensiale.

Program
- Registrering frå kl.12:00
- Velkomen og innleiing
- Bakgrunn; Live si historie og Stiftinga LIVE ÅTTE
- Kulturelt innslag ved Merkesteinane
- Foredrag ved  Magne Domantrener Skåden , forfattar av boka ”Jeg er fri”
- Pause med kaffi/te/vatn og frukt
- Opning for spørsmål til Magne Domantrener Skåden
- Innlegg/refleksjon ved spesialist i allmenmedisin Michael Dahl, fysioterapeut
Anne Strand Kiperberg og Kari Ringstad/Helge Flacké, foreldre til Ida, brukar
av intensiv stimulering for barn med hjerneskade
- Kulturelt innslag
- Avrunding

Foredragshaldar Magne Domantrener Skåden, presenterar seg slik:
”Jeg er Magne domantrener Skåden. I 27 år har jeg vært fange inne i meg sjøl.
Nå er jeg endelig fri. Det måtte et amerikansk institutt til for å slippe meg ut.
Ta for deg ethvert normalt, intelligent menneske; Ta fra vedkommende samsynet,
slik at han ikke fester øynene når han ser på deg, og du tror han har tomme
øyne. Ta så fra ham stemmen, og du tror han ikke har noe å si. Og ta motorikken
fra ham. Gi ham autistiske trekk som skjuler følelser og gir et annet reaksjonsmønster.
Ta fra ham en del taktile muligheter, og du tror at han ikke føler noe.
Da har dere meg. Det kan se ut som jeg gir faen i verden omkring meg. Det er
ikke rett. Jeg ser og betrakter verden rundt meg. Jeg tenker, føler, ler og gråter,
selv om de autistiske trekkene skjuler eller vrenger de uttrykk dere ser. Domaninstituttet
i Philadelphia gav meg muligheten til å vise hvem jeg egentlig er.
De har i 50 år bygget opp en unik kompetanse på hjerneskade. Jeg har nå blitt
domantrener av yrke, jeg trener og følger et spesielt program. Jeg vet at mange
fagfolk i Norge sier domantrening er verdiløs, men de fagfolka har jammen ikke
spurt slike som meg om det! Mitt liv har blitt drastisk endret. Jeg tror ikke jeg er
den eneste som er fanget i meg sjøl. Derfor vil jeg fortelle min historie.”

Konsert i Sjøborg kulturhus.
bilde_sj_borg_071005.jpg

Konserten 5.oktober samla over 300 i Sjøborg kulturhus.

Sjå konsertomtale frå Vikebladet her

Skulekonsertar for nærare 500 ungdomar

Stiftinga LIVE ÅTTE og Gisle Børge Styve Trio samla nærare 500 Ungdomar i løpet av 2 skulekonsertar på SUFH fredag 05. oktober.

Live 8 samla full kyrkje
Hege Norman Stormbringer, Vikebladet Vestposten 4.mai 2006

vetle.jpg

Ikkje berre solstrålane fann vegen inn i Ulstein kyrkje fredag kveld.

Fleire hundre møtte fram for å minnest Live som døydde den dagen ho vart åtte år.

Sjølv om solstrålane bar von om ei anna årstid, var det dei mange som opptredde til ære for Live som skapte varme i kyrkja. Det mjuke vårkveldslyset fall først på klasse 2c frå Ulsteinvik barneskule. Dette var ei klasse som Live var knytt til, og dei opna konserten med å synge om ein liten engel. Det var lett å sjå Live som denne engelen. Ei lita jente som fekk mykje motgang dei første leveåra sine fordi ho var hjerneskadd. Så begynte foreldra med Doman-metoden, og langsamt vart Live betre. Men på åtte-årsdagen sin den 24.mars i år rann livet ubønnhørleg ut av Live.

Bygda song for Live

Torill Myren, Sunnmørsposten 29.april 2006

tears_in_heaven.jpg

Familien gjorde alt klart for bursdagsmorgon.

Så fann dei Live (8) død i senga.

 

Ulsteinvik. I går var det fem veker sidan. Og i går var Live igjen hovudperson. Jenta med dansande mørkt hår som ein prøvde å temje i to fletter. Jenta som fortalde om livet med dei mørke auga sine – og gjennom bokstavbrettet. Då kunne ho seie slik som at ”Dei forstår ikkje kor intelligent eg er, for dei forklarer alle enkle ting”.

Live 8-konsert i Ulstein kyrkje fredag
Vikebladet Vestposten, 27.04.06

For fire veker sidan døydde Live Styve Sæbø på 8-årsdagen sin. I morgon arrangerer vener av Live og familien hennar minnekonsert i Ulstein kyrkje.
- Det skal bli ein konsert med eit allment perspektiv. Du treng ikkje om å ha kjent Live eller foreldra hennar for å kome på konserten, opplyser initiativtakar Øyvin Sønnesyn.