Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Vedtekter 2007-2016

Vedtekter for Stiftinga LIVE ÅTTE
(Stiftingsdato 24. Mars 2007)

§ 1
Det vert oppretta ei stifting der minnet etter 8 år gamle Live Styve Sæbø skal vere med å sikre stiftinga sitt mål.
Stiftinga LIVE ÅTTE, 6065 Ulsteinvik, er ei allmenn stifting i tråd med kapittel I-IV i Stiftingslova.
Stiftinga er heimehøyrande i Ulstein.

§ 2
Mål
Med utgangspunkt i Live si historie vil stiftinga arbeide for at barn og unge med særskilte behov får sjansen til å nå potensialet sitt.
Stiftinga vil gjennom informasjon og haldningsskapande arbeid inspirere enkeltmenneske og samfunn til å sjå verdien av kvart menneske og dei ressursane det representerer, og å gjere det som skal til for at kvart menneske skal kunne bli det det er.

§ 3
Stiftinga leiast av eit styre på 5 personar med leiar, kasserar og sekretær. Styret vert første gong valt av stiftarane. Styremedlemene veljast for 4 år om gongen. Ved første val vert to av styremedlemene valde for 6 år. Det sitjande styret rekrutterer og vel nye styremedlemer. Styret skal ha ei samansetjing av personar med kompetanse og engasjement i høve til å sikre stiftinga sitt mål.

§ 4
Styret er stiftinga sitt øvste organ og har ansvaret for å forvalte stiftinga sine midlar i tråd med målet for stiftinga. Utspel frå stiftinga i viktige haldningsspørsmål krev tilslutning frå alle styremedlemene.

§ 5
Styret for stiftinga er vedtaksfør når minst fire av medlemene er til stades. Styret har mynde til å endre vedtektene. Slike endringar krev einstemmig vedtak, og må godkjennast av Stiftingstilsynet.

§ 6
Stiftinga sin grunnkapital er på kr 100.000.
Stiftinga sin eigenkapital er basert på innsamlingar, gåver, støttemedlemsskap og anna.
Eigenkapital og avkasting av grunnkapital skal nyttast til stiftinga sitt mål.
Stiftinga sin rekneskap skal reviderast av registrert revisor.

§ 7
Styret held møte etter innkalling frå styreleiar, eller når minst to av styremedlemene krev det. Styret skal kvart år innan utgangen av april halde årsmøte der styret si årsmelding, stiftinga sin rekneskap og revisor sin rapport skal handsamast.

§ 8
Stiftinga kan avviklast dersom eit fleirtal av styret sine medlemer på to påfølgjande årsmøte, med minimum eitt års mellomrom, vedtek dette. Attverande midlar skal då nyttast i tråd med stiftinga sitt mål.