Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Live 8 samla full kyrkje
Hege Norman Stormbringer, Vikebladet Vestposten 4.mai 2006

vetle.jpg

Ikkje berre solstrålane fann vegen inn i Ulstein kyrkje fredag kveld.

Fleire hundre møtte fram for å minnest Live som døydde den dagen ho vart åtte år.

Sjølv om solstrålane bar von om ei anna årstid, var det dei mange som opptredde til ære for Live som skapte varme i kyrkja. Det mjuke vårkveldslyset fall først på klasse 2c frå Ulsteinvik barneskule. Dette var ei klasse som Live var knytt til, og dei opna konserten med å synge om ein liten engel. Det var lett å sjå Live som denne engelen. Ei lita jente som fekk mykje motgang dei første leveåra sine fordi ho var hjerneskadd. Så begynte foreldra med Doman-metoden, og langsamt vart Live betre. Men på åtte-årsdagen sin den 24.mars i år rann livet ubønnhørleg ut av Live.

 - Eit menneske er så mykje meir enn berre det vi ser, innleia Øyvin Sønnesyn. Han var fadder til Live, og ønskte å heidre fadderbarnet gjennom musikk som ho hadde eit nært forhold til og som ho var glad i. Sønnesyn sa vidare at ein under minnekonserten også ville tenkje på andre som er i sorg og har sakn.

 

Tears in heaven

   Storebror Sølve Styve Sæbø rørte mange til tårer då han framførte Eric Clapton si ballade ”Tears in heaven”. Songteksten sa meir enn lange talar om kva slags forhold han hadde til systera, og kva tankar ein gjer seg når eit menneske ein er glad i med eitt vert riven vekk. Sølve spelte på elektrisk gitar, og lyden av ein ektefølt rockeballade framført i ei kyrkje var til å få gåsehud av. Konfirmanten synte at han kjem frå ei musikkglad familie, og onkel Gisle Børge Styve gledd publikum gjennom heile konserten med pianospelet sitt.

   Særleg då arrangørane viste bilete av Live på ein storskjerm og krydra med nokre av sitata hennar, passa det fint med instrumentalen til Gisle Sæbø. Sitata synte at Live måtte ha vore ei høgst oppegåande jente, der ho nytta fleire framandord som til dømes ”motivasjon”, ”innblikk” og ”intelligens”, som kanskje ikkje eingong jamaldrande nyttar i vokabularet sitt.

 

Ida Ringstad Flackè

   Kari Ringstad og Ida Ringstad Flackè gjekk på talarstolen saman for å minnast Live. Kari fortalde at Ida og Live vandra ein veg i lag, og at dei fekk kjenne på kroppen korleis det er å vere annleis. Doman-metoden gav dei  ein ny verdi som menneske, og bokstavbrettet opna ei heilt ny verd for både jentene og familien fordi det gav dei evna til å kommunisere. Gjennom dette bokstavbrettet skreiv Ida ein tale til Live. Mora las opp orda til tiåringen som uttrykte kjærleik til ein nær venn som no er borte. Likevel oppsummerte Ida det som at ”Live bur i mitt hjarte”, og oppmoda så Jesus til å ta godt vare på venninna. Publikum responderte med trampeklapp og pappa Helge Flackè overraska med ein vàr og Bjørn Eidsvåg-aktig stemme då han følgde opp med songen ”Når borna kjem heim”.

 

Kjensleladd

 - Det at Live døydde på åtte-årsdagen sin gjorde nok inntrykk på mange, sa Øyvin Sønnesyn. – Når nokon døyr, kjem det mange av oss frykta tydelegare fram. Det å ha nokon å vere glad i betyr også at vi kan sørgje. Sønnesyn meinte at det er sunt å vise kjensler, og viste til mamma til Live, Aase, som hadde fortalt at det å eksistere, tyder å ”tre fram”. Sønnesyn vona at Live kunne inspirere fleire til å tre fram, og fortalde om familien til Live som hjelpte henne med å tre fram ved hjelp av Doman-metoden. Dette ønskjer familien å vidareformidle, og målet er etterkvart å lage ei stifting som kan forvalte den kompetansen som er opparbeidd gjennom åtte år med Live.

   -  Stiftinga skal ta vare på erfaringane frå åra med Live og på ein måte få henne til å leve vidare. Vi vonar og trur at livet og døden ikkje skil oss, og mange av songane her i kveld handlar om dette, avslutta Sønnesyn.

   Storebror Vetle song rørande og etterlèt nok ikkje mange tørre augo då han song om ”ei anna tid og ein annan stad for oss”. Den fine gutestemma gjekk rett i hjartet og sjølv Rune Sæters flotte framføring av Gabriellas song, kunne ikkje målast mot Vetle sine enkle verkemiddel.