Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 

Live 8-konsert i Ulstein kyrkje fredag
Vikebladet Vestposten, 27.04.06

For fire veker sidan døydde Live Styve Sæbø på 8-årsdagen sin. I morgon arrangerer vener av Live og familien hennar minnekonsert i Ulstein kyrkje.
- Det skal bli ein konsert med eit allment perspektiv. Du treng ikkje om å ha kjent Live eller foreldra hennar for å kome på konserten, opplyser initiativtakar Øyvin Sønnesyn.

Live var fødd med ein hjerneskade. Etter nokre år begynte foreldra, Aase Styve og Jostein Sæbø og stimulere henne etter Doman-metoden.

Gjennom intensiv stimlering av barnet, fysisk og intellektuelt, blir hjernen trent opp til å utføre oppgåver den skadd delen ikkje kan. Foreldra er drivkrafta i opplegget, og heimen til ekteparet Styve Sæbø i Ulsteinvik vart etter kvart også ei bedrift. Begge foreldra var heime på dagtid for å følgje Doman-opplegget. I tillegg hadde dei tilsett ein assistent og fleire støttekontaktar.

Live hadde song- og musikkgleda i seg, og yndlingsprogrammet på TV var ”Beat for Beat” med blant andre onkelen Gisle Børge Styve. Og fredag blir han ein av aktørane under Live 8-konserten i Ulstein kyrkje.

Dei andre aktørane blir Gunhild Falch, Helge Flackè, Ida Ringstad Flackè, Kari Aske Osnes, Oddlaug Grimstad Arnesen, Per Christian Sæbø, Ragnhild Lunde, Rune Sæter, Ståle Helvig, Sølve Styve Sæbø, Toril Vågen Vattøy, Ulstein Ten Sing, Vetle Styve Sæbø og Øyvin Sønnesyn.