Mobil: 913 02 624
E-post: post@liveatte.no

 
 
 
fologo.jpg

FO støttar Live Åtte

Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomar og vernepleiarar (FO) i Møre og Romsdal gir 22 000 i stønad til Live Åtte sitt prosjekt i Nepal!

Det var under FO sitt representantskapsmøtet i Kristiansund tidlegare i haust at Liv Meisingseth presenterte prosjektet vårt og la fram ein søknad om stønad til avlastningsprosjektet i Nepal.

FO har ein lang tradisjon med internasjonalt arbeid, både fagpolitisk og solidarisk. Live Åtte er svært takknemleg for at fylkeslaget i Møre og Romsdal går inn og støttar prosjektet vårt. Tusen takk!